Send oss din forespørsel

    Discover Flåm

    Flåm er ein heilårsdestinasjon rik på aktivitetar og kulturelle skattar. Omkransa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar er Flåm eit paradis for deg som søkjer naturopplevingar det ikkje finst makan til i heile verda.

    Enten du søkjer fart og spenning, ro og rekreasjon eller er ute etter ei lokal smaksoppleving – her er noko for alle uansett alder og årstid.
    Den største attraksjonen i Flåm er Flåmsbana som er ei av verdas brattaste jernbanestrekningar og byr på vill og storslått natur. Flåmsbana blei kåra til «the world’s most incredible train journeys 2014” av Lonely Planet Magazine.

    Bli med på ein minnerik båttur frå Flåm til Gudvangen i det som er omtalt som verdas beste reisemål – dei norske fjordane. Vakre Nærøyfjorden vil syna deg kvifor den har fått plass på UNESCOs verdsarvliste.

    Bestill din tur hos oss